Meidell kjøper verftsområdet i Høylandsbygd – Storesund Marine Service overtar Halsnøy Dokk

Artikkelen er over 1 år gammel

Meidell AS har gjort avtale om kjøp av verftsområdet på Røysaneset i Høylandsbygd på Halsnøy. Storesund Marine Service AS overtek Halsnøy Dokk AS.

DEL


Meidell-konsernet har gjort avtale om kjøp av verftsområde og dokk frå Halsnøy Eiendom AS, heiter det i ei pressemelding frå Meidell sjølv fredag.

Kjøpet omfattar eit areal på om lag 57 mål, som ligg ytst på Røysaneset i Høylandsbygd.

Samstundes er det inngått avtale der Storesund Marine Service AS kjøper aksjane i Halsnøy Dokk AS frå Cinus AS, som er eigar av Halsnøy Eiendom AS.

Storesund planlegg å driva denne verksemda vidare, står det. Halsnøy Dokk AS vil inngå langsiktig leigeavtale med Meidell-konsernet på delar av verftsområdet.

Investeringa inneber ei vidare satsing på Halsnøy for Meidell-konsernet, der ein allereie driv omfattande oppdrettsverksemd gjennom Alsaker Fjordbruk og flytekranar, slepebåtar og utleige av lekterar gjennom Tronds Marine Service AS.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags