Inviterer heile næringslivet til storsenteret

KARRIERESTARTAR: Sentersjef Geir Jakobsen har sett storsenteret til disposisjon til næringsdagen. – Det er fleire som har starta karrieren sin her, då ein kan begynna tidleg og utan utdanning, seier Jakobsen, som saman med Merete Lillesand (t.v) og Kristine Røyrvik meiner senteret er ein god lokasjon.

KARRIERESTARTAR: Sentersjef Geir Jakobsen har sett storsenteret til disposisjon til næringsdagen. – Det er fleire som har starta karrieren sin her, då ein kan begynna tidleg og utan utdanning, seier Jakobsen, som saman med Merete Lillesand (t.v) og Kristine Røyrvik meiner senteret er ein god lokasjon.

Artikkelen er over 1 år gammel

Torsdag 22. november blir det stelt i stand ein næringsdag på Husnes storsenter. Arrangørane håpar både bedrifter og andre vil komma og få eit innsyn i kva arbeidsplassar som faktisk finst i Kvinnherad.

DEL

Kvart år har Kvinnherad vidaregåande skule (KVV) hatt ei utdanningsmesse der bedrifter rundt om i Sunnhordland kan komma og visa seg fram, og elevane kan sjå kva tilbod som eksisterer i regionen. I år kjem ikkje KVV til å arrangera dette på skulen, men eit nytt arrangement vil likevel dukka opp. Opplæringskontoret for Sunnhordland, Kvinnherad Næringsservice (KNS), Kvinnheringen og KVV har inngått eit samarbeid om ein næringsdag som skal ta plass på Husnes Storsenter i november.

– På næringsdagen vil det blant anna komma fram kva type arbeidskraft det er behov for, og kva utdanning det er viktig å ha, seier prosjektkoordinator i KNS, Kristine Røyrvik.

Ulike bedrifter og studieretningar vil vera representerte på senteret, og arrangørane håpar at flest mogleg, både frå næringslivet og elles, vil delta på messa.

– Grunnen til at vi valde senteret er at det er mange som jobbar innan handel og service i Kvinnherad. Det er òg slik at fleire og fleire butikkar tar inn lærlingar, så arrangementet vil jo liggja midt i smørauga, seier Merete Lillesand, marknadssjef i Kvinnheringen.

Lenge open

Tidlegare har næringsmessa på KVV vore open midt i arbeidstida til folk flest, men i år vil messa vera open til klokka 17.

– Det er for at alle skal få moglegheit til å komma, og sjå kva bedrifter som er her i kommunen. Vi treng eit levande næringsliv, så det vil òg vera viktig at bedriftene seg i mellom kan skapa ein relasjon denne dagen, seier Lillesand.

Dei har allereie vore i kontakt med nokre få bedrifter som stiller seg særs positive til dette arrangementet, og oppmodar om at flest mogleg blir med, og lagar til noko kreativt på stand.

– Det er viktig at bedrifter får fortelja kva arbeidskraft dei har behov for. Eg trur det er fleire som ikkje veit kor mange forskjellige og spennande stillingar det faktisk er i Kvinnherad. Så dette vil jo vera ei slags bevisstgjering, sluttar Røyrvik.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags