– Det vil visa igjen i samfunnet

Johan Berg, Ørjan Normann og Kenneth Blom vandrar gjennom b-hallen, som snart skal yra av livigjen. (Foto: Mona Grønningen)

Johan Berg, Ørjan Normann og Kenneth Blom vandrar gjennom b-hallen, som snart skal yra av livigjen. (Foto: Mona Grønningen)

Snart blir det ein aktivitet på Husnes som ein neppe har sett maken til sidan Søral vart bygd tidleg på 60-talet.

DEL


Kenneth Blom, prosjektansvarleg, Ørjan Normann leiar i Husnes kjemiske fagforening, og fabrikksjef Johan Berg tek imot oss ein hustrig haustdag på Husnes.

Det er «litt stille før stormen». Stille før det ut mot sommaren tek av med aktivitet inne på Hydro sitt område. I vel 10 år har det vore stille i B-hallen på Husnes. Tilsette vart permitterte og forsvann ut dørene. Både i produksjonen og i administrasjonsbygget forsvann det ut folk. Så stille var det faktisk i kontorbygget, at Kvinnheringen ei tid var nær ved å få lokale i bygget. Det er ikkje aktuelt no. No har dei det travelt, alle dei tilsette som er på Hydro. Travlare enn nokosinne. Fram til det blir nyopning av B-hallen skal det heile tida vera full drift i eksisterande hall, og berre det er ei utfordring i seg sjølv i an-leggsperioden.

Vel 250 personar utanfrå vil vera i sving under den mest hektiske perioden som startar til våren, og i løpet av oppgraderinga vil meir enn 1000 personar ha vore innom Hydro Husnes på ulike oppdrag. Når våren kjem må ein faktisk rekna med rundt 100 fleire bilar gjennom rundkøyringane på Husnes enn vanleg, så dette vil merkast.


Kva skal skje?

Kenneth Blom smiler frå øyra til øyra om dagen, til og med når vi ser han joggande langs vegane på Husnes.

– Jo, det er kjekt, veldig kjekt. Går eg på butikken så er det dette folk snakkar om. Det er så kjekt at folk er interesserte og lurer på kva som skjer! seier Blom.

Han forklarar kva som skal gjerast inne på området til Hydro. For det er ikkje berre B-hallen som skal vekkast til live igjen. Støyperiet får ny omn, det kjem ei ny stor sag same staden, det kjem ny teknologi i elektrolysecellene, og to av fire reinseanlegg vert oppgraderte. Dessutan kjem det eit nytt stort bygg der dei skal reinsa pannar ved verksemda. Eit arbeid som tidlegare er gjort på Halsnøy. No tek Hydro arbeidet heim igjen.


Positivt

Fabrikksjef Johan Berg gjer stort sett ikkje anna enn å skriva under kontraktar med ulike leverandørar om dagen. Det er store og små kontraktar med både lokale, nasjonale og internasjonale firma.

– Vi gler oss sjølvsagt stort over dette, og særleg er vi glade for at lokale entreprenørar òg får arbeid på Husnes, seier Berg.

I byrjinga av november var 50 prosent av avtalane underskrive, og det neste halve året vil alle kontraktane vera på plass.

Mellom dei som var tidleg inne og fekk kontrakt var Byggservice, som har bygd ein rampen inn i B-hallen. Via rampen skal alt av utstyr som skal inn i den nye hallen fraktast inn, og ikkje minst skal mykje gammalt ut.

Blom kan fortelja at det er mykje logistikk som skal på plass og som ein må finna ut av. Det meste av trafikken til og frå området vil ein faktisk ikkje merka noko til.

– Vi har teke i bruk eit kaiområde på industriområdet. Der blir det no arbeidd og planert ut, slik at det området kan ta imot dei 200 nye omnane som skal inn i hallane, forklarer Blom.

Dessutan kjem det ein brakkerigg for kontor på området der det tidlegare administrasjonsbygget var. Dette bygget skal husa dei som har fått kontraktar. Noko overnattingsbrakke kjem det truleg ikkje.


Velja sjølv

Eit bevisst val for Hydro har det vore at dei som får jobbane med oppgradering sjølv må skaffa plass å bu for dei som kjem til bygda. Mange har spekulert i om det kjem ein brakkelandsby som på 60-talet eller eit flotell, men slik blir det ikkje.

– Det er gull for mange som har eit rom å leiga ut, og vi gler oss over at lokalsamfunnet på denne måten kan få igjen for utbygginga, seier Ørjan Normann.

Han viser til at alle dei som skal jobba må eta og leva her, noko som igjen vil vera bra for både mat og restaurantbransjen. Ved Hydro håpar dei utbetringa vil vera bra for mange. Mellom anna for dei som sel og bygger hus òg.

Fram til oppstart i 2020 og dei neste par åra vil det vera behov for rundt nye 110-120 nye personar ved Hydro Husnes. Om lag 90 er nye stillingar, og vel 20-30 på grunn av folk som sluttar eller går av med pensjon ved verksemda.

– Vi reknar absolutt ikkje med å klara å rekruttera alle desse internt i Kvinnherad, og håpar difor vi får ein del ny innflyttarar dei komande åra, seier Ørjan Normann.

Johan Berg trur det kanskje kan bli ein fin auke i folketalet i Kvinnherad dei to komande åra.

– Vi treng folk innanfor ei rekkje ulike fagområde, alt frå operatørar i elektrolyse og støyperi til elektrikarar, mekanikarar og ingeniørar. Det vi treng klart mest av er arbeidarar innan prosessfag, og vi er så smått byrja å lysa ut, men den store bølgja kjem utover våren i 2019, for-klarar Berg.

Alle dei tre håpar verkeleg at det kan bli ein realitet med prosessfag på Kvinnherad vidaregåande skule. I dag er det slik at ein må til Knarvik eller Bergen for å ta dette faget, men no er håpet at ei kan få inn ei slik linje på kvv, noko som vil vera svært positivt for Hydro Husnes.

Auka produksjon

Med ny hall i drift vil produksjonen av aluminium auka monaleg på Husnes. I dag produserer ein rundt 95.000 tonn i A-hallen, medan målet er 190.000 tonn når B-hallen er i drift. Dette er 20.000 tonn meir enn då B-hallen stengde for 10 år sidan.

– Folk flest vil nok ikkje merka så mykje til at det er gjort store endringar ved Hydro Husnes. Utanfrå blir B-hallen akkurat som før, vi får med andre ord ikkje noko nytt «operahus» i bygda, seier Kenneth Blom. Men han forklarer at dei no jobbar med å sjå om dei kan «sprita» opp hallane innadørs, mellom anna med nye fargar.

– I dag er alt grått innvendig, vi får no vurdert om vi kan gjera hallane litt lysare og friskare med bruk av fargar, fortel Blom.

Det har vore ein god del skjer i sjøen på vegen mot vedtaket om at B-hallen igjen skal opnast.

Fabrikksjef Johan Berg ser ikkje mange skjer i sjøen igjen no. Det har heldigvis ordna seg med råstoffet alumina. Det var ei verkeleg utfordring då verket i Brasil stengde ned. Samtidig er det eit problem at det berre er 50 prosent produksjon der, men Berg håpar dette vil ordna seg på sikt.

Ørjan Normann strekar òg under at ein no er utruleg glade for situasjonen slik den er.

– No berre gler vi oss. Sjølv om det er mykje arbeid som står igjen er vi berre glade for at vi skal driva for fullt igjen. Vi ser storleg fram til opningsfesten, den håpar vi det blir sett av masse pengar til, blunkar Ørjan Normann.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags