Kværner og Hydro signerte kontrakt verd 200 millionar

Kværner har sikra seg kontrakt for installasjon av nytt utstyr til B-hallen ved Hydro sitt aluminiumsverk på Husnes, skriv Kværner i ei pressemelding onsdag.

DEL


Oppdraget frå Hydro markerer eit viktig steg i Kværner sin strategi for å utvida verksemda også utanfor oljebransjen. Den nye kontrakten er verd rundt 200 millionar kroner og prosjektet skal vera ferdig i 2020, skriv selskapet.

B-hallen blei stengd etter finanskrisa i 2009. Den skal opnast igjen i 2020. Fram til den tid er det mykje arbeid som skal gjerast ved verket.

Elektrolyseceller og ein del anna utstyr skal bytast ut. Kværner skal først bistå i demonteringa av delar av det gamle utstyret. I neste steg skal selskapet utføra vedlikehald på delar av det eksisterande anlegget, og deretter installera nytt utstyr, inkludert straumskinner og elektrolyseceller, står det vidare

Kværner skal montera rundt 1,5 millionar forskjellige delar i arbeidet på Husnes. Selskapet vil på det meste ha rundt 60 personar involverte i prosjektet på Husnes. Arbeidet startar med ein gong, heiter det i pressemeldinga.

– Kværner har ein solid posisjon for å levera olje- og gassanlegg både offshore og på land til oljeselskap. Vi har lagt ein strategi der vi siktar på å utvida verksemda vår i marknadar utanfor oljebransjen, og blant anna bistå selskap som eig prosessanlegg på land. Vi ser fleire moglegheiter for å utnytta den ekspertisen vi har med oss innan HMS, prosjektleiing, fleirfagleg kompetanse, kontroll på budsjett, og ikkje minst kvalitet på den ferdige installasjonen. Det er svært viktig for oss å få eit førsteoppdrag som dette frå Hydro, som er ein leiande aktør, seier Karl-Petter Løken, konsernsjef i Kværner.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags