Styrk Bekkenes ny konserndirektør i Incus Investor

Styrk Bekkenes har fått ny jobb. (Pressefoto).

Styrk Bekkenes har fått ny jobb. (Pressefoto).

Styrk Bekkenes er ny konserndirektør i Incus Investor, skriv selskapet i ei pressemelding torsdag kveld.

DEL


Det nordiske industrielle investeringsselskapet Incus Investor ASA har utnemnd Styrk Bekkenes til ny administrerande direktør i konsernet, ifølgje pressemeldinga.

– Gjennom Styrk får vi ein konsernleiar med erfaring frå maritim sektor, der det blir stilt store krav til fokus på sunn drift og finansielle resultat. Bekkenes vil vera sentral i den strategiprosessen som selskapet har sett i gang, og styret ser på tilsettinga som svært spennande og framtidsretta, seier styreleiar Dag Schjerven.

Bekkenes begynner i stillinga 15. mars.

– Eg ser store moglegheiter for å utvikla Incus Investor videre, uttalar den nye konserndirektøren ifølgje dagens pressemelding.

45-åringen frå Kvinnherad har lang erfaring som gründer og leiar, med fartstid i sjefsstolen i selskap som Palfinger Marine, Harding og Noreq. Han var blant anna den sentrale drivkrafta då Noreq i 2014 slo seg saman med Schat-Harding og danna Harding, ein av verdas største leverandørar av maritimt livredningsutstyr. Som direktør i Harding var han også pådrivar i salet av selskapet til industrigiganten Palfinger i 2016, og tok deretter plass i leiinga i Palfinger Marine Safety fram til 2017.

– Etter å ha brukt litt tid på å utforska nye moglegheiter, gler eg meg no til å ta fatt på jobben i Incus Investor, seier Bekkenes.

Incus Investor er eit nordisk industrielt investeringsselskap notert på Oslo Børs. Selskapet har fem porteføljeselskap hovudsakleg retta mot maritim industri, og har hovudkontor i Stavanger.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags