Ordførarar fryktar vindkraft-press om Equinor elektrifiserer

Ordførarar i fleire kommunar fryktar eit auka press om vindkraft. Her frå vindmølleparken på Fitjar. (Arkivfoto).

Ordførarar i fleire kommunar fryktar eit auka press om vindkraft. Her frå vindmølleparken på Fitjar. (Arkivfoto).

Av

Ordførarar i fleire kommunar fryktar eit auka press om vindkraft i eigne distrikt som følge av at Equinor har annonsert at dei skal elektrifisere norske olje- og gassfelt.

DEL


Førre veke fortalde fleire medium om at Equinor med støtte frå LO og NHO planlegg å elektrifisere norske olje- og gassfelt. Norwea , interesseorganisasjonen til vindkraftbransjen gjekk raskt ut med å hevde at den auka straumbruken dette vil medføre, vil krevje meir vindkraft på land.

Dette bekymrar ordførarar i fleire kommunar som ikkje ønsker å vere vertskap for vindkraftutbygging. Ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap), godtar ikkje argument frå vindkraft-forkjemparar som meiner utbygging må til i distrikta.

– Dei meiner tydelegvis at vi ikkje veit vårt eige beste, men det vi ønsker er å bevare dei siste urørte naturområda våre, seier Petter Sortland (Ap) til Bergens Tidende.

Han fryktar elektrifiseringa av norsk sokkel kan føre til utbyggingspress mot kommunar som allereie har sagt nei til vindkraft. Han meiner òg at NHO-sjefen og andre vindkrafttilhengarar ser på distrikta med Oslo-briller, utan å bry seg om det sterke engasjementet mot utbygging mange stader i landet, og at dei deler landet inn i eit A- og B-lag, skriv BT.

Ordførar Karstein Totland i Masfjorden og Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal (Sp), ventar og eit auka utbyggingspress. I Gulen skal olje- og energiminister Sylvi Listhaug (Frp) avgjere om det blir utbygging.

– Vi skal finne gode prosjekt med lokal støtte og akseptable naturinngrep, seier spesialrådgivar i Norwea, Andreas Thon Aasheim til BT.

Naturvernforbundet krev ein gjennomgang av alle konsesjonar som er gitt til utbygging av vindkraft der bygginga ikkje er i gang, og meiner prosjekt der naturkonsekvensane blir for store må trekkast tilbake. Dei la fram desse krava i eit møte med statssekretær Liv Lønnum i Olje- og energidepartementet torsdag 16. januar, og skal diskutere konsesjonssystemet for vindkraft i framtida med klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen 17. januar.

(NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags