Historisk fellesmøte

DEL


Måndag har næringsforeiningane i Sunnhordland og Nord-Rogaland eit historisk fellesmøte på Ryvarden, der Kvinnherad er representert ved næringssjef Silvia Tofte.

På agendaen står store infrastrukturprosjekt som Rogfast, Hordfast og E 134, og deltakarane vil bli presenterte for statusen for dei store prosjekta.

Det er Næringsforeningen Haugalandet og Stord Næringsråd som har teke initiativ til møtet, der næringsforeiningane skal diskutera korleis nye samferdsleårer vil påverka kommunane og regionen, og korleis dei kan samhandla for å gjera bedriftene mest mogleg konkurransedyktige.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags