Fem arrestert for narko

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 4 år gammel

Natt til onsdag arresterte politiet til saman fem personar mistenkt for bruk og oppbevaring av narkotika.

DEL

Blant dei fem var både menn og kvinner, og dei blei arrestert på Husnes og Halsnøy. Det blei også beslaglagt to motorsyklar som politiet trur er stolne. Tre personar blei dimittert og sjekka ut av saka på morgonkvisten, to blei vidareført til arresten i Hordaland politidistrikt. Ein av dei skal vidare til soning, den andre blir vurdert for varetektsfengsling på grunn av tidlegare uavgjorte forhold.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags