Nattruter og større ferjer

SISTE DAG: MF Kvinnherad gjekk siste turen i sambandet Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn i dag.

SISTE DAG: MF Kvinnherad gjekk siste turen i sambandet Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn i dag.

www.kvinnheringen.no: Med to større ferjer på plass, og frå i går nattruter, har ferjesambanda Årsnes-Gjermundshamn og Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn frå årsskiftet fått auka kapasiteten monaleg.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Alt før jul vart «Folgefonn» i direktesambandet Årsnes-Gjermundshamn erstatta av «Vikingen», og i går ettermiddag vart «Kvinnherad» erstatta av «Hordaland» i trekantsambandet Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn. Med dei to større ferjene på plass har kapasiteten til saman auka med 32 personbileiningar pr. tur, samstundes som «Hordaland» og har plass til fleire vogntog enn «Kvinnherad».

Frå 1. januar, tok og dei lenge etterlengta nattrutene måndag-fredag til å gjelda for direktesambandet Årsnes-Gjermundshamn.

– Det betyr at i tillegg til den eksisterande ruta frå Gjermundshamn klokka 00.10 også går ferje klokka 01.10 og 03.30, medan nattavgangane frå Årsnes er klokka 00.40 og 03.00. Deretter er det to timar til neste ferjeavgang, klokka 05.00.

I perioden 1. mai til 30. september har vi og lagt inn ein ekstra tur om laurdagane, frå Gjermundshamn klokka 08.00, med retur frå Årsnes 08.30.

Elles fører ikkje årsskiftet med seg serlege ruteendringar for ferjene i Kvinnherad, bortsett frå på sambandet Ranavik-Skjersholmane der dei to siste rundturane måndag-torsdag i rute II går ut, medan dei ligg inne for fredagen, fortel driftskonsulent ferjer i Skyss, Hans Chr. Tveitsme.

«Kvinnherad» erstattar no «Ølen» i sambandet Utåker-Matre-Skånevik, medan «Folgefonn» erstattar «Hordaland» i sambandet Jektevik-Nord Huglo-Hodnanes.

Artikkeltags