Betrar køsituasjonen ved NAV

OPNAR DØRENE: Kommunen har bestemt seg for å opna venterommet utanom opningstidene.

OPNAR DØRENE: Kommunen har bestemt seg for å opna venterommet utanom opningstidene. Foto:

Kommunen har bestemt seg for å opna venterommet på Nav for dei som har avtale utanom opningstidene.

DEL

I kommunestyret sist torsdag tok Synnøve Solbakken opp problemet med at folk som har avtale med saksbehandlar på Nav er nøydde til å venta ute.

– Det hastar med å få på plass eit skikkeleg kontor, då det er heilt uhøyrt at folk skal stå utanfor å venta, sa Solbakken.

Denne veka kom beskjeden om at kommunen har bestemt seg for å halda venterommet ope utanom opningstidene.

– Det har vore slik at venterommet har vore ope når ein kan komma på NAV utan å bli betjent. No opnar vi venterommet heile dagen, slik at når ein ventar på avtale med saksbehandlar skal ein sleppa å stå ute. Eg forstår at det ikkje er ei god kjensle å venta ute, seier konstituert rådmann Torstein Aarthun.

Men han presiserer at det dermed ikkje er sagt at ein kan komma til NAV og forventa å få snakka med nokon utan ein avtale.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags