1.100 fleire fekk uføretrygd i januar

Av

353.300 personar fekk uføretrygd i Noreg i januar, noko som var ein auke på 1.100 personar frå desember, ifølgje Nav-tal.

DEL


Delen mottakarar av uføretrygd i arbeidsfør alder var på 10,3 prosent, som er same del som i desember, ifølgje Nav sin januarstatistikk.

Av dei som var nye mottakarar av uføretrygd, var 331 under 30 år.

Det er fylka Agder og Nordland som har høgast del uføretrygda i landet, med høvesvis 13,8 og 13,7 prosent. Lågast uføredel har Oslo med 5,9 prosent, følgt av Rogaland og Vestland fylke med 8,7 prosent.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken