Bronse i femtedivisjon til Rosendal Musikklag

Rosendal Musikklag gjorde det svært bra i NM for brassband i helga. Her frå ei øving før NM, og til venstre ser du dirigent Yngve Nikolaisen. (Foto: Marianne Lamberg).

Rosendal Musikklag gjorde det svært bra i NM for brassband i helga. Her frå ei øving før NM, og til venstre ser du dirigent Yngve Nikolaisen. (Foto: Marianne Lamberg).

Artikkelen er over 1 år gammel

I helga gjekk NM for brassband av stabelen i Grieghallen i Bergen, og Rosendal Musikklag stakk av med tredjeplassen i 5. divisjon.

DEL

12 korps deltok i denne divisjonen, der vinnaren fekk 94 poeng, andreplassen fekk 91 poeng, og Rosendal Musikklag fekk 91 poeng og bronse.

Rosendal Musikklag er eit bygdekorps med deltakarar frå 15 til 80 år, og alle er like viktige. Laget har jobba godt, og heile Kvinnherad kan vera stolte av denne prestasjonen, skriv leiar Kristin Lamberg i ei pressemelding:

– Vi hadde ikkje heilt dagen, vi hadde gjort fleire gode framføringar som slo den vi klarte på scena, men det heldt til ein tredjeplass i 5 .divisjon. Kornettgruppa vår fekk òg gruppeprisen i 5. divisjon, fantastisk kjekt! skriv Lamberg.

Ho rettar òg ein stor takk til den trufaste og dyktige dirigenten Yngve Nikolaisen, og instruktør og vikar-dirigent Sebastian Lamberg Torjusen.

– Takk for ei kjekk og god oppkøyring fram mot NM! Det er vegen fram som er viktigast.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags