Nøgde med rusundersøking

Frå venstre: Utekontaktane Ove Tvedt og Britt Irene Lie, fagansvarleg for rus og psykiske helsetenester Marit Teigen, verksemdsleiar for TTBU Monika Haugland, SLT-koordinator Veronica Thorsen, psykologspesialist Erik Iversen frå Bergensklinikkene, politioverbetjent Sigurd Børve og ordførar Synnøve Solbakken.

Frå venstre: Utekontaktane Ove Tvedt og Britt Irene Lie, fagansvarleg for rus og psykiske helsetenester Marit Teigen, verksemdsleiar for TTBU Monika Haugland, SLT-koordinator Veronica Thorsen, psykologspesialist Erik Iversen frå Bergensklinikkene, politioverbetjent Sigurd Børve og ordførar Synnøve Solbakken.

Artikkelen er over 4 år gammel

Gjennomsnittsalderen for kva tid Kvinnherad-ungdommen drikk for første gong, har gått opp sidan 2011. SLT-koordinator Veronica Thorsen likar retninga tala i undersøkinga peiker.

DEL

Mange fekk seg ein vekkjar då Bergensklinikkene og SLT-koordinator Veronica T. Thorsen presenterte resultata frå den såkalla Ungdata-undersøkinga i Kvinnherad i 2011. Då viste det seg at debutalderen blant dei ungdomane ved 10. trinnet som hadde drukke alkohol var heilt nede i 13,4 år. Dette både blant jenter og gutar. Ved 2. året vidaregåande var debutalderen den gongen 14,8 år for gutane og 14,7 år for jentene. Hausten 2013 blei det gjennomført ei ny Ungdata-undersøking, og onsdag denne veka var Erik Iversen frå Bergensklinikkene tilbake i Kvinnherad for å presentera resultata.

– Det er gledeleg å sjå at debutalderen for alle dei fire spurte gruppene har gått opp sidan førre undersøking, konstaterte han.

Dei nye tala viser nemleg at av gutane ved 10. trinnet som har debutert med alkohol, er snittalderen no gått opp til 14,1 år. Av jentene er talet gått endå meir opp, til 14,8 år. For dei av elevane ved 2. året vidaregåande som har debutert, er snittalderen gått opp til 16,3 år for gutane og 15,8 år for jentene.

– Framleis er debutalderen låg, men retninga er positiv. Det er jo ei slik utvikling vi som jobbar med rusførebyggjande arbeid ønskjer oss, påpeikte han.

Både rusfagleg miljø, ordførar, politi, rektorar og andre som jobbar med ungdommar var til stades for å høyra Iversen presentera resultata frå Ungdata-undersøkinga måndag. Alle var dei godt nøgde med at debutalderen for alkohol har gått opp sidan 2011.

– Dette med debutalder har vi stor merksemd på, for vi ønskjer å hjelpa ungdomane til å utsetja denne så lenge som mogleg. Difor er det svært gledeleg å sjå at debutalderen har gått litt opp, vi er veldig nøgde med desse tala, påpeiker Thorsen.

Les heile saka i dagens papiravis (fredag).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags