Frå Nigeria til Norsafe

PAUSE: Her får kursdeltakarane ein velfortent kaffipause etter ei praktisk øving.

PAUSE: Her får kursdeltakarane ein velfortent kaffipause etter ei praktisk øving.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

11 oljearbeidarar frå Shell Nigeria vitja førre veke Norsafe. Her skulle dei læra seg å bruka livbåtane som arbeidsgjevaren, Shell Nigeria, nyttar seg av på plattforma dei jobbar på utanfor kysten av Nigeria.

DEL

Leiar for Norsafe Academy, Mikael Røssland, synest det har vore flott å få besøk frå Nigeria. Røssland meiner det er naudsynt at kundane får skikkelig tryggleiksopplæring.

– Mange vil kanskje seia at alle livbåtar er like, men det er små variasjonar på alle. Då er det viktig at dei som skal bruka dei, veit nøyaktig kva dei skal gjera i ein naudsituasjon, seier Røssland.

I løpet av veka skulle dei læra seg å bli livbåtførarar både i frittfallbåtar og vanlege livbåtar. Det finst mange måtar å læra på, men Norsafe meiner at praktisk innlæring er den beste måten. Kursdeltakarane sat òg i klasserom, men brukte mest tid på det praktiske.

– Når krisa oppstår nyttar det ikkje å berre kunna all teorien, då må ein òg klara alt det praktiske og samstundes klara å takla ein panikksituasjon, sa Røssland. Kayode Ajayeoba og Olu Areola var to av dei 11 som deltok på kurset. Dei har arbeidd i Shell Nigeria i om lag 15 år. Når dei kjem att til Nigeria er det dei som har hovudansvaret for evakuering både under øvingar og i naudsituasjonar. Dei syntest det gir tryggleik å få skikkelig opplæring.

– Det å læra om og øva oss i kva som skal skje under ei evakuering, gjer at vi klarar å halda oss rolege i ein eventuell naudsituasjon. Ein vert meir sikker på seg sjølv og klarar å få mykje betre overblikk over situasjonen, sa Ajayeoba.

Tidlegare har dei hatt desse tryggleikskursa i USA, men denne gongen vart det Årsnes. Dei syntest begge at dei var blitt tekne godt imot.

– Alle har vore hyggjelege og imøtekomande. Vi frå Nigeria snakkar ofte høgt og mykje, men det har dei godt tolmod med her på Norsafe, sa dei begge med eit smil.

Areola syntest det dei hadde hatt dyktige instruktørar som hadde lært dei mykje nytt.

– Vi har hatt kjempedyktige instruktørar. Vi har naturleg nok hatt mange spørsmål og dei tek seg alltid god tid til å svara oss. Dersom det er noko vi treng hjelp til eller lurer på, er dei der med det same, fortalde Areola.

Dei sat begge att med eit godt inntrykk av Rosendal.

– Det er så roleg og fredelig overalt og menneska er venlege og hjelpsame, sa Ajayeoba.

Areola leste mykje om Rosendal før han kom og han fekk innfridd forventningane sine.

– I løpet av kurset har me òg hatt tid til å sjå litt av Rosendal. Eine dagen til dømes, tok dei oss med opp mot breen der me grilla og kosa oss. Det er kjekt med nokre avbrekk i kursveka. Eg må òg rosa det hjelpsame ekteparet som arbeider på Rosendal Motel. Dei fekk oss verkeleg til å føla oss velkomne, seier Areola.

Det var ikkje lange pausen dei fekk med Kvinnheringen før dei skulle ut å ta sitt siste «stup». Instruktørane hadde lagt inn ein feil med vilje for å sjå om dei hadde lært det dei skulle.

– Dei har lært kva dei skal gjera i teorien, så no skal me sjå om dei kan nytta det i praksis, sa instruktør Dag Lunde.

Dei bestod testen med glans, og det tok ikkje lang tid før livbåten, med baugen 19 meter over vatnet, byrja å skli ned rampen og trefte vatnet med eit stort plask. No kunne instruktørane senda kursdeltakarane heim att med godt samvit.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags