Geir Skaala er død

Geir Skaala. (Arkivfoto).

Geir Skaala. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 4 år gammel

Geir Skaala døydde brått laurdag kveld, 65 år gamal.

DEL

Geir Skaala frå Rosendal har via store delar av livet sitt til å konstruera og selja livbåtar. Han vart utdanna skipsingeniør i 1974. Nokre år seinare tok han siviløkonomiutdanning ved BI. I 1987 kjøpte han bedrifta Jørgensen & Vik i Arendal. Han bygde opp Norsafe som det første året hadde ein omsetnad på 9 millionar. I toppåret 2013 omsette Norsafe for 1,4 milliardar.

Sjølv om Geir Skaala var busett med kona Marianne og sønene Thomas og Aleksander i Arendal, gløymde han aldri heimbygda. Ei rekkje lokale lag og organisasjonar har fått økonomisk støtte frå Geir Skaala som var veldig oppteken av utviklinga i Kvinnherad. Det var ein av grunnane til at han etablerte Norsafe Årsnes.

Skaala var kjend for å ha eit stort engasjement for dei tilsette, bedrifta og livbåtbransjen. Gjennom medvitne prioriteringar og strategiske val utvikla han Norsafe til å bli ein av verdas største livbåtprodusentar.

Trist dag

Ordførar Peder Sjo Slettebø skriv i ei pressemelding at det var med stor sorg han mottok bodskapen om Geir Skaala sin bortgang:

– Hans plutselege bortgong er eit stort tap for Kvinnherad-samfunnet. Geir Skaala var først og fremst kjend som industrigründer, men han var like mykje ein samfunnsbyggjar. Han var ein sann ven av Kvinnherad, og bidrog på svært mange område til det beste for lokalsamfunnet.

Geir Skaala etterlét seg eit imponerande livsverk. Eg fekk sjølv gleda av å møta Geir Skaala ei rekkje gonger, og han gjorde eit svært godt inntrykk. Eg sette stor pris på hans venlege personlegdom og hans sterke engasjement for Kvinnherad. Eg hadde sett fram til vidare samarbeid med Skaala, og er svært lei meg for at han no er borte. Mine tankar og djupaste medkjensle går til hans næraste. Eg lyser fred over Geir Skaala sitt minne, skriv Sjo Slettebø.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags