– Rapportane etter hjortejakta viser nok ei svært god hjortejakt i Kvinnherad. Det vart felt 104 dyr meir enn den tidlegare rekorden. 1180 dyr enda me på i år, det er ein så høg fellingsprosent som 86,5 og det er høgaste den har vore. Det var delt ut 1364 løyve, opplyser viltforvaltar Leiv Trygve Varanes.

For fyrste gong er det skote ein ørliten overvekt av hodyr, 50,3 prosent mot 49,7 prosent hanndyr.

– Me har fått ein svært fin fordeling mellom dei ulike aldersgruppene i år.

53,5 % av dyra var ungdyr eller kalv, 24,2% eldre koller og 22,35 eldre bukkar.

Det kan bli noko justering mellom aldersklassane etter kontroll av innsamla kjevemateriale, men dette er førebels resultat, opplyser Varanes.