Arrangerer støttemarsj: – Heilt forferdeleg at dei tenker å øydelegga desse naturområda

VINDKRAFT: Mari Teigen Varanes frå Kvinnherad Turlag fortel at  fleire område i Kvinnherad er aktuelle for vindkraftutbygging, blant anna Mjelkhaug, Ingahogg i Blådalen, samt Mannsvatn og Solfjell i Uskedalen. (Arkivfoto).

VINDKRAFT: Mari Teigen Varanes frå Kvinnherad Turlag fortel at fleire område i Kvinnherad er aktuelle for vindkraftutbygging, blant anna Mjelkhaug, Ingahogg i Blådalen, samt Mannsvatn og Solfjell i Uskedalen. (Arkivfoto).

12. mai arrangerer Kvinnherad Turlag støttemarsj for naturen for å understreka at vindmøller ikkje er ønska i fjella. Turen går til Mjelkhaug/Svaneheia.

DEL

Over heile landet vil DNT arrangera støttemarsjar og markeringar som eit opprop mot vindkraftindustrien. I Kvinnherad er det Mari Teigen Varanes frå Kvinnherad Turlag som står i bresjen for tiltaket.

– Store område av Kvinnheradfjella er med i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine planar om vindkraftutbygging. Vi synest det er heilt forferdeleg at dei tenker å øydelegga desse urørte naturområda med vindmøller, seier Varanes.

I løpet av turen vil det vera mogleg å halda korte appellar medan ein nyt nistepakken i det vakre landskapet.

– Vi vil tala for dei verdiane vi vil bevara, og visa korleis det er å oppleva naturen utan vindmøller susande rundt.

Grunnen til at turen går til Mjelkhaug, er at dette er eit av områda NVE har sett for seg å byggja ut vindparkindustri.

– Mange turgåarar nyttar Mjelkhaug, og det er i eit av dei få urørte landskapa vi har igjen, seier Varanes.

MJELKHAUG: Kvinnherad Turlag arrangerer støttemarsj for naturen 12. mai til Mjelkhaug/Svaneheia. (Foto: Johannes Heien).

MJELKHAUG: Kvinnherad Turlag arrangerer støttemarsj for naturen 12. mai til Mjelkhaug/Svaneheia. (Foto: Johannes Heien).

Vidare meiner Varanes at utbygging av vindmøller er av ein heilt annan dimensjon av inngrep i naturen enn ein tidlegare har opplevd.

– Dei vil ruva på toppen av fjella og øydelegga store område av fjellheimen som aldri vil bli det same igjen. Derfor vil vi markera at vi er i mot dette.

Det langsiktige målet er at Kvinnherad skal ut av lista over dei 13 aktuelle områda for vindkraftutbygging.

– Om ein ikkje har sjansen til å vera med på støttemarsjen, vil vi i tillegg arrangera eit folkemøte mot vindkraft i slutten av mai, avsluttar Varanes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags