Gå til sidens hovedinnhold

Ny båt frå Reigstad

Artikkelen er over 8 år gammel

Fredag var det overlevering av skreddarsydd arbeidsbåt i kategorien Kloster Worker.

– Båten er blant dei mest avanserte i sitt slag, hevdar den fornøgde kjøparen Erik Eikje i selskapet Ognøysjefen.

Fredag tok han turen til Magnar og Roger Reigstad på Halsnøy for å henta heim nyvinninga. Båten er skreddarsydd med utgangspunkt i same skrogtypen som er brukt i Klosterfjord 40-båtane. Den nye modellen har fått namnet Kloster Worker. Båten blir levert med to motorar à 240 HK av typen Sabb Ford med vendbare propellar, dessutan med både baug- og hekktruster og tre styreposisjonar. Båten skal brukast i arbeidet med å kartleggja havbotn.

Les meir om båten i papiravisa måndag.