Desse bøkene toppar julehandelen

POPULÆR: Boka til Geir K. Hus om Haukelivegen har vore ein bestseljar i Rosendal. (Arkivfoto).

POPULÆR: Boka til Geir K. Hus om Haukelivegen har vore ein bestseljar i Rosendal. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Kokeboka «Digg» av Anders Totland og Marius Knutsen har gått aller best ved Kvinnherad Libris, medan «E 134 Haukelivegen» av Geir Hus har gjort det best ved Rosendal bokhandel.

DEL

Bøker er populære julegåver, og det er alltid spennande å høyra med dei lokale bokhandlarane kva som har gått best til jul. Ved Kvinnherad Libris er det den lokale kokeboka «Digg» av Anders Totland og Marius Knutsen som har seld aller best.

– Tett på denne ligg «Kvinnhersminne», som Kvinnherad sogelag gir ut. Jo Nesbø sin roman «Tørst» kjem på ein tredjeplass, fortel Arne Alsaker.

Også den lokale boka «Høgt og lågt i Kvinnherad» går framleis godt, sjølv om den begynner å bli nokre år gamal no.

– Elles har Lothepus-boka gått bra, det same har bøkene i slektskrønika til Edvard Hoem gjort, fortel han.

Også hos Bente Soldal ved Rosendal bokhandel er det lokale bøker som toppar julehandelstatistikken.

– Vi har ikkje hatt nokre typiske «Hel ved»-bøker denne jula, altså bøker som har tatt heilt av, men den som har gått aller best her er «E 134 Haukelivegen» av Geir Hus. «Digg» og «Kvinnhersminne» har også gått veldig bra, fortel ho.

Øystein Wiik sin nyaste roman, «Dødsrytteren», er òg høgt oppe på lista i Rosendal-bokhandelen. Det same er boka «Shetlandsgjengen» av Asgeir Ueland, samt «En moderne familie» av Helga Flatland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags