Ny bok: Mystikk og krim

Bok nummer to om etterforskarane Krüger & Krog er sleppt.

DEL


Kvinnheringen Bjarte Agdestein frå Halsnøy byr, saman med Ronald Kabícek og Endre Skandfer, på framhaldet for spesialetterforskarane Krüger & Krog frå teikneserieboka «Brennpunkt: Oslo», som kom ut i 2014. Med frodige teikningar og ord i snakkebobler får vi høyra om nifse ting som går føre seg på kyrkjegarden ved Gamle Aker Kirke i Oslo. Lesaren blir tatt med tilbake til 60-talet i Oslo og merkelege ting som skjer på kyrkjegarden. Dette er spennande krim, men også ei historisk reise tilbake i tid og langt nedunder torva, skal vi tru forlaget Egmont. Boka frå 2014 fekk svært god mottaking, og dømer vi etter lovorda som er komne til no om den ferske boka «Spøkelseståken», kan dette blir ein like stor suksess som sist.

«Fantastisk byportrett av Oslo», skriv eksempelvis Dagbladet om boka. «Albumet blomstrer av tegne- og fortellerglede av ypperste sort», melder Trønderavisa.

Fredag 12. oktober blir det lanseringsfest i Tronsmo Bokhandel i Oslo.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags