Kevin har flytta til Våg. Han merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Og farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg. Kven er den tolvte spelaren?

Boka er ein del av GRØSS OG GRU, ein ny grøssarserie for ungdom. Forfattar av boka er kvinnheringen Tor Arve Røssland, som mellom anna har skrive bøkene om Pode og Svarte Mathilda.