Ny storordre til Hellesøy Verft

Det nye gasskipet som Hellesøy Verft skal utrusta for SIEM Offshore Reieri i Kristiansand skal leverast i 2014.

Det nye gasskipet som Hellesøy Verft skal utrusta for SIEM Offshore Reieri i Kristiansand skal leverast i 2014. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Hellesøy Verft A/S på Løfallstrand har fått storordre på nytt supply-skip til SIEM Offshore Reieri A/S i Kristiansand.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Prosjektet er eit nyutvikla skip av typen «VS 4411 DF» med motoranlegg for «Dual Fuel» gassdrift LNG og diesel, skriv Hellesøy i ei pressemelding.

Supplyskipet er basert på gode erfaringar frå serien på sju tidlegare supplyskip frå Hellesøy Verft dei siste fem åra, teikna av Wartsila Ship Design på Fitjar. Med nytt gassdrift-framdriftsanlegg, full utrusting for Rescue class for 300 personar og Fire Fighting II klasse, er superskipet tilpassa dei høgaste og mest framtidsretta klassekrav og reglar som er vedtekne for supplyskip og offshore-næringa.

Skipet er 89,2 meter langt og 19 meter breitt, og har ein dødvekttonnasje på 5500 tdw. Det får 4-motors diesel/LNG elektrisk anlegg frå Wartsila Norway og skipet får DnV sin Clean Design-klasse for LNG. Skroget skal byggjast i Polen eller Tyrkia og vil koma til Løfallstrand hausten 2013. Levering av komplett ferdig skip frå Hellesøy Verft er 15.juni 2014. Andre store underleveransar på røyr og elektro går sannsynlegvis til Bergen Group Skarveland, BKS Industrier og Kvinnherad Elektro.

Dermed er nok eit langsiktig oppdrag på plass for Hellesøy Verft A/S på Løfallstrand. Verftet har snart supplyskipet «Vestland Insula» klart til oppstart og prøvetur før årsskiftet og levering i januar. Det var god stemning mellom alle tilsette og underleverandørar då det onsdag kunne offentleggjerast ny kontrakt. Det vert, som i tidlegare prosjekt hos Hellesøy Verft, sett i ordre mange utstyrs- og underleveransar i tida framover, og ringverknadane vert svært positive og store for heile Sunnhordlands-regionen, skriv dagleg leiar Øystein Hellesøy i pressemeldinga.

Artikkeltags