Ny verdsrekord

Frank-Rune Kopperud fekk laurdag dette beistet av ein breiflabb i garnet sitt.

Frank-Rune Kopperud fekk laurdag dette beistet av ein breiflabb i garnet sitt. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

www.kvinnheringen.no: Frank-Rune Kopperud fekk laurdag ein enorm breiflabb i garnet sitt som vog heile 115 kilo. Det kan vera ny verdsrekord.

DEL

Kopperud hadde sett torskegarnet sitt i Høylandssundet utanfor Valen og skulle laurdag føremiddag ut å trekkja det. Heilt i byrjinga av garnet, på fem meters djup, fann han den største breiflabben han nokosinne har sett.

– Eg prøvde først å få den opp i båten åleine, men det var jo dødfødt. Så slepte eg han inn til land, der eg fekk hjelp av fire andre til å få den på land.

På land vog dei fisken, og vekta stoppa på heile 115 kilo. Breiflabben var 1, 8 meter lang og over ein meter brei. I følgje fleire kjelder på nettet var den siste verdsrekorden 99, 4 kilo for breiflabb. Dersom det er rett, er breiflabben til Kopperud ny verdsrekord med klar margin.

– Det er den sværaste ruggen eg har sett, seier Terje Sæbø, som fekk sikra bilde av fisken før den vart partert.

Sjå YouTube-video av den digre breiflabben her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags