Nynorsk likevel

Sten Falkum er glad for den språklege debatten, som har ført til at Husnes Storsenter no skal marknadsføra seg på nynorsk.

Sten Falkum er glad for den språklege debatten, som har ført til at Husnes Storsenter no skal marknadsføra seg på nynorsk.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Mosvold & Co AS har gjort om vedtaket om at Husnes Storsenter skal marknadsføra seg på bokmål.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– I ettertid ser vi at det var eit bomskot, seier Sten Falkum i Mosvold-gruppa.

Tidlegare i dag bad eit samrøystes styre i Senterforeninga eigarane om å gjera om på bokmål-vedtaket. Men mykje tyder på at Mosvold-gruppa hadde bestemt seg for å velja nynorsk, før møtet.

– Vi har registrert og gledd oss over det enorme engasjementet i lesarbrevspaltene, og mellom folk flest. Det har vi valt å lytta til. For oss er det ikkje noko prestisje-tap å gjera om på bokmål-vedtaket, forsikrar Falkum.

– Vi gjer det med glede, legg han til.

Leiar i Senterforeninga, Åsfrid Barstad, er glad for snuoperasjonen.

– Det har vore ein flott debatt. Det viser at folk er interesserte, og at storsenteret er blitt lagt merke til, seier ho.

Artikkeltags