No finn du nynorske barnesongar på nett

Slik ser nettsida songboka.no ut. (Illustrasjonsbilde: Vidar Håland).

Slik ser nettsida songboka.no ut. (Illustrasjonsbilde: Vidar Håland).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Kvinnherad mållag går nye vegar for å slå eit slag for nynorsken blant dei yngste. Her bør ein straks merka seg songboka.no.

No er det mogleg å sjå resultat av eit arbeid styret i mållaget har halde på med i lang tid, nemleg å samla nynorske barnesongar på nettstaden songboka.no. Gaute Lund fortel at barnehagane er målgruppa.

– Ønsket er å inspirera ungane til å syngja nynorske songar. For å få det til må vi ha eit utval med songar som borna kjenner og er glade i. Eit godt stykke på veg er vi komne, men vil halda på enno ei stund. I løpet av vinteren tenkjer vi å ta ein lanseringsrunde i barnehagane, seier Lund.

Nettstader for nynorske barnesongar finst frå før, men mållaget vil at utvalet på songboka.no så godt som mogleg skal vera tilpassa det ungane likar å syngja no for tida. Derfor har dei mellom anna bedt barnehagane om tips til populære songar.

– Vi er opne for tips heile tida frå kven det skulle vera, lovar han.

– Omset de songar til nynorsk òg?

– Dei fleste songane til no er songar som alt finst på nynorsk, men vi har også omsett nokre, fortel styremedlemen.

På denne tida er det julesongar som er i søkjelyset, men alle typar barnesongar er aktuelle for songboka.no.

Løyve

Lund fortel vidare at det er arbeidet med trykkeløyve som er det mest kompliserte og tidkrevjande.

– Med mindre songane er svært gamle, må vi finna fram til kven som sit med opphavsretten, for så å innhenta løyve til å bruka songane på songboka.no. Å finna ut av dette tar tid, men vi jobbar stadig med det, forsikrar Lund.

Pengar frå stiftinga

Det heile begynte med at mållaget søkte Sparebank 1-stiftinga om pengestøtte til å trykkja opp eit songhefte med nynorske barnesongar.

– Vi fekk heile 50.000 kroner, noko som gjorde at vi fekk lyst til å gjera prosjektet litt større enn først tenkt, fortel Lund.

På den måten vart det ei eiga nettside i staden for eit papirhefte. Nettsida har elles ein knapp å trykka på for å skriva ut alle songane under eitt, slik at den som vil kan laga seg eit papirhefte.

– Målet er å få borna til å bli glade i nynorske songar, derfor er det viktig for oss at utvalet er tilpassa målgruppa så godt som mogleg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags