Norsafe kjøpt opp

DEL

I dag (onsdag) er det gått ut melding om at Norsafe er kjøpt opp av Vikings Life-Saving Equipment A/S.

På heimesida til Norasafe heiter det at oppkjøpet av Norsafe er eit nytt løft for Viking, som sikrar eit unikt tenestetilbod i den maritime tryggleiksindustrien.

Norsafes administrerande direktør Dag Songedal seier på heimesida til Norsafe at dei ser fram til å bli ein del av Viking-konsernet.

– Under Viking-paraplyen skapar vi ein meir robust og meir kompetent forretningsmodell som vil sikra at vi kan halda fram å å beskytte menneske til sjøs med våre livbåtløysningar.

Partane har avtalt å ikkje opplysa om salsprisen. Det står ikkje noko om kva som vil skje med satsinga i Kvinnherad i samband med oppkjøpet.

Viking er eit selskap grunnlagt i Danmark og med hovudkontor der.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags