Kvinnherad kommune har tilsett ny økonomisjef

Niels Jakob Erlingsson er tilsett som ny økonomisjef i Kvinnherad kommune. (Foto: Privat).

Niels Jakob Erlingsson er tilsett som ny økonomisjef i Kvinnherad kommune. (Foto: Privat).

DEL


Det skriv Gunn Berit Sandnes Fosse, seksjonsleiar stab i Kvinnherad kommune, i ein e-post til Kvinnheringen tysdag ettermiddag.

Det er Niels Jakob Erlingsson (29) som har fått tilbodet og takka ja til stillinga som økonomisjef i Kvinnherad kommune.

Han er sonen til lokalpolitikaren Erlingur Nielsson som til dagleg jobbar for Kyrkjekontoret i Kvinnherad.

Erlingsson er i dag tilsett som rådgjevar ved økonomikontoret, og har vore tilsett i kommunen sidan februar 2019. Han kom frå stillinga som økonomiansvarleg hos Odfjell Eigedom i Bergen, der han hadde jobba sidan 2014.

– Me er svært glade for at han har takka ja til stillinga. Han byrjar straks alt det formelle er klart, skriv Sandnes Fosse.

Det var fire søkarar på stillinga. Kommunen har jakta ny økonomisjef sidan Geir Mogren gjekk bort i september i fjor.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags