Fredag 23. mars arrangerer 5460 kurs med ølsmaking og føredrag av Jo Broch frå Haugesund Ølutsalg.

Jo Broch har jobba som bartender sidan 1990, og i 2012 blei han normesmeister i NM i Bartending som seinare førte til VM-deltaking. Broch fekk interesse for øl i 2007, då det begynte å dukka opp mange nye handverksbryggeri. I 2011 begynte han å jobba for Lervig Aktiebryggeri som deira representant på Haugalandet og Sunhordland, og i 2016 starta han opp Gulating Ølutsalg i Haugesund. No driv han denne butikken som Haugesund Ølutsalg.

Denne kvelden på 5460 har han med seg ti utvalde øl i ulike stilartar. Medan deltakarane på kurset smakar på ølet, fortel han om ølsorten, historia til dei ulike bryggeria og stilarten. Ølet deltakarane får smaka på er inkludert i billetten, og det same er livemusikken som kjem etter kurset. Kurset varer i to timar, og det er avgrensa plassar.

– Dette er eit utmerka arrangement for dei som vil utforska ulike typar øl, og samtidig læra noko nytt, lokkar arrangør 5460.