Må oppgradera Ølve alderspensjonat for 1,7 millionar

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Formannskapet vedtok førre torsdag at Ølve alderspensjonat vert oppgradert frå risikoklasse fire til risikoklasse seks. Dette inneber at ein må utarbeida nytt brannkonsept og ny brannprosjektering, og dei fysiske endringane vert etablering av bustadsprinkelanlegg i alle bueiningane og i fellesarealet. Det vert òg ei oppgradering av brannalarmanlegg til kategori to heildekkjande anlegg, samt ein del byggtekniske endringar.

Det er sett i gang arbeid med utarbeiding av brannkonsept for å få ein fullstendig oversikt på kva tiltak, og kor stor økonomisk investering som må til for å gjennomføra oppgraderinga frå risikoklasse fire til seks. Det vil også vera nødvendig å etablera tilrettelagde bad på to rom for korttidsopphald, samt nytt lager og skyljerom, står det i saksutgreiinga til formannskapet.

Kostnadskalkylen er rekna til 1,7 millionar kroner.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags