Kraftstasjonen frå 1910 skal bli eit museum, og fylkeskommunen, som eig bygget, har løyvd 400.000 kroner i inneverande år til renovering og oppussing. I sommar starta arbeidet med å skifta taket. Etter kvart som arbeidet skreid fram, vart det oppdaga meir omfattande skadar enn ein var klar over. Det gjeld særleg den sida av bygget som vender mot elva.
Arbeidet blir gjort av Hauge Forskaling, i regi av kulturavdelinga i fylkeskommunen og i samarbeid med Valestiftinga. Ettersom arbeidet med tak og veggar er meir omfattande enn først tenkt, brukar ein òg meir pengar, men Reidar Handeland i Valestiftinga har voner om at eigaren løyver meir pengar neste år.
– Det er fint av fylkeskommunen å leggja ned så mykje pengar i bygget, men så er det då òg viktig kulturhistorie det er tale om, seier han.
– Vi skal samarbeida med det nasjonale kraftmuseet i Tyssedal om restaureringa både ute og inne, og vi skal laga ein plan for kva bygget skal brukast til og på kva måte.
Kraftstasjonen frå 1910 står attmed stasjonen som vart opna i 2008. Den står på si side berre eit steinkast frå kraftstasjonen frå 1939. Området og dei tre kraftstasjonen er i så måte eit unikt monument over utviklinga i kraftforsyninga, både lokalt og nasjonalt.