Opnar bruktbutikk

Laurdag opnar Marie-Louise Knoop bruktbutikken «Lille Tordivel» i Rosendal.

Laurdag opnar Marie-Louise Knoop bruktbutikken «Lille Tordivel» i Rosendal.

Artikkelen er over 4 år gammel

Førstkomande laurdag opnar Marie-Louise Knoop bruktbutikk i Rosendal.

DEL

I fleire veker har vindauga på lokala der som Fristelsar tidlegare låg vore dekt til med avispapir, og mange har nok lurt på kva som er i ferd med å skje på innsida. Det som skjuler seg der, er som teke ut frå ein elegant 60-tals-heim. Her er det aller meste i retro stil; møblane, lampane, bilda, serviset, dukane og så vidare. Og alt er for sal.

– Eg har lenge hatt lyst til å starta eigen butikk, så til jul i fjor meinte pappa at eg berre måtte gå for draumen. På laurdag er det endeleg klart for opning, smiler Marie-Louise Knoop.

Salsvarene i butikken har 25-åringen samla gjennom fleire år.

– Noko har eg fått, andre ting har eg kjøpt rundt omkring. Her er ting frå Kvinnherad, frå Stavanger, frå Bergen. Mykje forskjellig. Elles tar eg gjerne imot fleire brukte møblar og ting, det er berre å koma innom med det. Det gjer ingenting om det er litt små skadar på ting, det fiksar eg.

Knoop er over snittet oppteken av gjenbruk.

– Eg likar ikkje kjøp og kast, med mindre ting er heilt øydelagde då. Eldre, brukte ting har sin sjarm. Dei har ofte høgare kvalitet, og dei har ei historie med seg. Og så er dei unike då, det er ikkje ting ein kan kjøpa kor som helst, smiler ho.

Les heile saka i papiravisa på fredag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags