Askeland røyr og varme AS, eigd av Tormod Askeland, har søkt Kvinnherad kommune om løyve til å starta oppdrett av sukkertare i eit flytande anlegg i Esjevik i Matre.
Det omsøkte arealet er oppgitt til 225 dekar med ein planlagt årleg produksjon på 40.000 tonn. Fiskarlaget Vest har i brev til kommunen kome med ein generell merknad om at det bør stillast økonomisk garanti til fjerning av utstyret ved eventuell konkurs. Dette med bakgrunn i erfaringane med dei mange blåskjelanlegga som har blitt til forfall. Rådmannen i Kvinnherad viser til at søknaden er i tråd med gjeldande planar, og rår til at det vert gitt løyve til taredyrking.
Saka blir referatsak til Formannskapet.