Strengare reglar for lusekjemikaliar

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL


I ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet, tar fiskeriminister Harald T. Nesvik til orde for strengare reglar for bruk av lusemidlar.

Bakgrunnen er NRK sine saker om lusegifta sin påverknad på reker.

Fram til det er meir kunnskap på plass, føreslår departementet at det skal vera forbode å sleppa ut lusekjemikaliar ved oppdrettsanlegg som ligg nær rekefelt. Om kort tid vil departementet senda eit forslag til mellombelse tiltak i ei utvida føre var-tilnærming. Forslaget inneber at legemidlar mot lakselus til såkalla badbehandling berre kan brukast når behandlinga vert utført i brønnbåt, ikkje i merd med presenning. Det mellombelse forbodet vil gjelda behandling i og i tilknyting til oppdrettsanlegg som ligg i reke- eller gytefelt, eller nærare enn 500 meter frå slike felt. Vatnet som vert brukt til lusebehandlinga må transporterast vekk frå anlegget.

– Regjeringa ønskjer å leggja til rette for berekraftig vekst i oppdrettsnæringa. Det vil alltid vera eit visst behov for å bruka legemidlar i oppdrett, men vi skal ikkje ha ein bruk som gir uakseptable effektar på miljøet, uttalar Nesvik i pressemeldinga.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags