Kuttar dieselaggregat

(Arkivfoto).

(Arkivfoto).

DEL


HUSNES: I ei pressemelding frå Lingalaks, går det fram at oppdrettsanlegget Nebbo utanfor Bogsnes, no står for tur til å bli elektrifisert. Dermed vil ein bli kvitt ei forureiningskjelde, i og med at ein då kuttar ut dieseldrift av dette oppdrettsanlegget. Lingalaks si elektrifisering av tre oppdrettsanlegg, der det eine altså er i Kvinnherad, kostar 11 millionar kroner, men vil gi ei årleg innsparing på éin million kroner.

– Miljøvinsten er det viktigaste i form av reduksjon i CO2-utslepp og fjerning av støy for tilsette og nærmiljø, heiter det i pressemeldinga.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags