15 tilsette må gå

Flyfoto av Eide Marine i Høylandsbygd. (Arkivfoto: Vidar Håland).

Flyfoto av Eide Marine i Høylandsbygd. (Arkivfoto: Vidar Håland).

Artikkelen er over 2 år gammel

Eide Marine Services er hardt ramma av oljekrisa, og må no seia opp 15 tilsette. – Vi jobbar med ein kort horisont, seier administrerande direktør Ove Røssland.

DEL

Hausten 2015 valde Eide Marine Services å permittera folk, i eit forsøk på å berga seg gjennom den økonomiske nedgangstida som følgde oljekrisa i 2015. No må bedrifta ty til endå meir drastiske tiltak for å få balanse i reknskapet.

– Bakgrunnen for at vi må ty til slike drastiske tiltak er oljekrisa i 2015. Vi har sett oss nøydde til å redusera kostnadane våre, og personalkostnadane er ein stor del av desse. Vi har hatt eit kraftig bortfall av inntekter, og marknaden viser inga teikn til betring, seier administrerande direktør Ove Røssland.

Har ingen langvarige kontraktar

Avgjersla om å seia opp 15 blei teken for to og ei halv veke sidan. Prosessen gjekk unna på relativt kort tid.

– Det er ein veldig trist beskjed å gi, for vi har mange dyktige medarbeidarar. Diverre har dei for lite å gjera på her. Vi jobbar med nokre prosjekt for 2017, men akkurat no er det for lite, seier Røssland.

Alle som var permitterte i fjor haust har vore tilbake i jobb, og Røssland seier at det ikkje er nokon som er permitterte i denne omgang. Han kan ikkje seia noko sikkert om framtida.

– Vi har ingen lange kontraktar, og jobbar heile tida med ein kort horisont, så eg kan ikkje sjå bort i frå nokon ting. Men vi håpar jo at vi slepp det, svarar han på spørsmål om det kan bli aktuelt med fleire oppseiingar i nærmaste framtid.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags