Erna opnar Folgefonnsenteret

Erna Solberg kjem for å opna Folgefonnsenteret. (Arkivfoto, Statsministerens kontor)

Erna Solberg kjem for å opna Folgefonnsenteret. (Arkivfoto, Statsministerens kontor) Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Sjølv om det er langt fram i tid: Statsministeren har takka ja til å opna Folgefonnsenteret i 2017.

DEL

Statsministeren kjem til Rosendal andre mai 2017 for å opna Folgefonnsenteret, heiter det i ei pressemelding frå styreleiar i Folgefonnsenteret Marit E. Totland og ordførar Peder Sjo Slettebø.

– Senteret skal vera eit nasjonalt flaggskip, ei nasjonal og internasjonal samarbeidsplattform for forsking og kunnskapsformidling. Når statsministeren takkar ja til å opna senteret, tolkar eg det som ei stadfesting av at ho ser at senteret vil ha ei slik rolle, nasjonalt og internasjonalt. Det er sjølvsagt stas. Men først og fremst er det viktig for korleis senteret blir oppfatta i fagmiljø og for reiselivsaktørar frå første dag, seier styreleiar i stiftinga som skal driva Folgefonnsenteret, Marit Elisebet Totland i ei pressemelding.

Glede

– Eg gler meg over at statsminister Erna Solberg har takka ja til å stå for den offisielle opninga av Folgefonnsenteret. Ei slik ramme rundt opninga bidreg til å setta Folgefonnsenteret ytterlegare på kartet. Eg ser fram til visa statsministeren denne interessante kombinasjonen av kunnskapsformidling og opplevingar, seier ordførar Peder Sjo Slettebø vidare i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags