– Grunnlaget for å velja vekk Kvinnherad er basert på faktafeil

Lensmann Sigurd Børve synest det er beklageleg at Kvinnherad no mistar høve til å skriva ut pass. (Arkivfoto).

Lensmann Sigurd Børve synest det er beklageleg at Kvinnherad no mistar høve til å skriva ut pass. (Arkivfoto).

Det meiner lensmann Sigurd Børve.

DEL


Før helga kom meldinga om at over 60 kommunar mistar høvet til å skriva ut pass i Norge. Tryggleiksnivået for norske pass må bli betre for å møta dei nye krava. Justis- og beredskapsdepartementet har derfor bestemt å etablera totalt 77 pass- og ID-kontor, samstundes som at 65 passkontor blir lagt ned. Eitt av dei er kontoret ved Kvinnherad lensmannskontor. Det betyr at kvinnheringar anten må til Hardanger, Os, Etne eller Vindafjord i framtida.

– Dette har vore tema mange gonger. At dei er komne til ei slik slutning, er beklageleg for oss. Vi har prøvd å koma med faglege innspel undervegs, og ordførar Peder Sjo Slettebø har i høgste grad engasjert seg. Vi meiner grunnlaget for å velja vekk Kvinnherad, er basert på ein del faktafeil. Det har vi spelt inn, utan at det er tatt omsyn til. Då må vi berre leva med denne avgjersla, seier lensmann Sigurd Børve til Kvinnheringen.

Børve veit ikkje kva tid dei vil slutta med å skriva ut pass ved Kvinnherad lensmannskontor.

– Alt tyder på at vi kjem til å halda fram ut 2019. Inntil vidare kan folk komma til oss, seier han.

– Vil det ha noko å seia for bemanninga hos dykk?

– Det er for tidleg å seia. Det er ikkje sagt noko om. Om det er meininga at det skal resultera i ein effektiviseringsvinst, må vi sjå på dei andre områda der vi treng folk.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags