Sjekk passet først, så kan du bestilla reisa

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det er høgsesong for feriereiser, og det betyr ekstra «trøkk» ved Kvinnherad lensmannskontor på passbestillingar. Lensmann Jan L. Fosse fortel at dei har hatt så mykje som mellom 30 og 40 pass-søkjarar innom i løpet av ein dag, og oppmodar igjen om at folk må vera tidleg ute.

– Sjekk passet ditt før du bestiller reisa. Vi skriv framleis ut litt for mange naudpass.

Lensmannen minnar om at det er ulike passreglar ut frå kva land du skal reisa til. Derfor bør ein sjekka kor lenge passet er gyldig – nokre land krev at passet må vera gyldig fleire månader etter at du kjem heim.

– No tar det minst 14 dagar å få nytt pass frå du bestiller hos oss, og jo tettare du kjem på avreisedagen, desto lengre tid tar passproduksjonen.

Fosse seier folk ikkje må «gambla» på å bli redda av naudpass.

– Skal du ha naudpass til ein heil familie kan det bli dyrt. Har du eit gyldig pass men har mista eller gløymt det, så blir passet du har frå før kansellert når du bestiller naudpass, og då må ha nytt pass seinare.

Trugselsituasjonar i einskilde land, i tillegg til flyktningstraumen i Europa, kan også gjera at grensekontrollen blir skjerpa, og at du treng pass for å reisa inn i land som du tidlegare ikkje trong pass for.

Lensmannskontoret på Husnes har ordinære opningstider i ferien, men Fosse vil likevel at folk skal vera tidleg ute.

– Mange er no heimom Kvinnherad og nyttar høve til å bestilla pass fordi køen er så lang i byane. Det betyr større press enn vanleg hos oss. I tillegg er vi avhengige av å bestilla passa via eit datasystem, og som dei fleste veit kan slike datasystem krasja eller ha nedetid. For å unngå stress bør folk derfor vera ute i god tid.

Politi.no finn du informasjon om passreglar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags