Gå til sidens hovedinnhold

Påstand om 13 års fengsel

Artikkelen er over 7 år gammel

Statsadvokat Trond Høvik krev at dei to kvinnene som er tiltalte for drapet på Sigmund Gravdal, vert dømde til 13 års fengsel.

I prosedyren sin i dag (tysdag) hevda Høvik at forklaringane dei to kvinnene hadde gitt i retten ikkje var truverdige. Tekniske bevis viser at forklaringa til den eldste kvinna – som hevda ho vart angripen og handla i sjølvforsvar – ikkje er truverdig, meiner statsadvokaten.

Den 37 år gamle kvinna som hevda at ho ikkje var til stades i gangen i huset på Sandvoll då valden vart utførd, vert heller ikkje trudd av statsadvokaten. I prosedyren viste han til blod frå den drepne som vart funne på kvinna sin genser og bukse. Blodflekkane meiner statsadvokaten viser at ho må ha vore til stades.

Dei medisinske sakkunnige har påvist at Gravdal vart påførd 70 slag og spark. Det er blitt nytta øks, hammar, kniv og fastnøkkel. Det er funne DNA-spor på reiskapane frå dei to tiltalte kvinnene.

– Alt dette provar at Gravdal vart utsett for vald over lang tid, og begge deltok i denne handlinga. Når 37-åringen hevdar at ho ikkje var til stades, så er dette ei forklaring heilt utan truverd, sa aktor i prosedyren sin.

Han meiner at Gravdal enten prøvde å hindra dei to å gå frå huset då han oppdaga at dei hadde romstert i huset og stole ting frå han, eller at han prøvde å få dei ut. Det er motivet for den omfattande og langvarige valden Gravdal vart utsett for.

– Heller ikkje 48-åringen sin omtale av handlingsbildet stemmer, meiner aktor.

Ho hevda tidlegare i retten at Gravdal hadde angripe ho og halde henne med den eine handa og slått ho i hovudet med ein hammar. Men det er ikkje funne spor på hammarhovudet som skulle tilseia at det hadde treft ho. Aktor avviste òg 48-åringen si forklaring om at ho skulle ha vore utsett for seksuelle tilnærmingar.

– Gravdal vart funne med kleda på seg. Det er ikkje foreinleg med det den tiltalte har forklart om seksuelle tilnærmingar, meinte aktor.

Han la ned påstand om at begge kvinnene må dømmast til 13 års fengsel.