Ordføraren takka for seg

Takka: Kommunestyrerepresentantane takka ordføraren for samarbeidet i perioden som har gått.

Takka: Kommunestyrerepresentantane takka ordføraren for samarbeidet i perioden som har gått.

Kommunestyret torsdag var det siste som ordførar for Peder Sjo Slettebø (H).

DEL

Ordførar Slettebø (H) orienterte kommunestyret om at han har vore til utgreiing i helsevesenet, og at han no skal igjennom eit behandlingsopplegg for sjukdom. 

Varaordførar Hans Inge Myrvold (Sp) tar difor over ordførarkontoret frå dags dato. 

Partifelle Leif Sverre Enes ønskte god betring og takka for innsatsen.

– Takk, kjære Peder. Det er litt vemodig å stå her når du innleia med det du sa her i dag. Vemodig har vi vore ei stund forresten. Du har blitt lagt merke til langt utanfor kommunen sine grenser. Taleevnene, humoren, replikkane dine og motet ditt er det nesten ingen som slår. Du har vore framtidsretta og gjort ein formidabel jobb, helste han.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags