Får 50.000 kroner frå Hydro Husnes til leikeparken

Aktivitetsparken Lunden på Husnes er i stadig utvikling. Her ser du ein gjeng som jubla over at Tufteparken var ferdigstilt i november 2016. Snart kjem òg ein leikepark. (Arkivfoto).

Aktivitetsparken Lunden på Husnes er i stadig utvikling. Her ser du ein gjeng som jubla over at Tufteparken var ferdigstilt i november 2016. Snart kjem òg ein leikepark. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Som Kvinnheringen nyleg skreiv i ein notis, er det ting på gang i Aktivitetsparken Lunden ved skulane på Husnes. Nyleg skreiv styret at  planlegginga av ein leikepark er i full gang, og at ein «pumptrack»-bane for syklar, rulleskøyter, skateboard og sparkesyklar er bestilt til den første aktivitetsflata. Tysdag kom nok ei gladmelding på Facebook, nemleg at Hydro Husnes ønskjer å støtta leikeparkprosjektet med 50.000 kroner.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags