Fryktar den nye tredelinga av permisjonen vil få konsekvensar for amminga

PERMISJON: Hildegunn Einane Aarthun opplever at fleire snakkar om permisjonen på svangerskapskontrollar etter at det har blitt stor debatt om saka i sosiale medium.

PERMISJON: Hildegunn Einane Aarthun opplever at fleire snakkar om permisjonen på svangerskapskontrollar etter at det har blitt stor debatt om saka i sosiale medium.

Jormorforbundet er redde for at den nye tredelinga vil få konsekvensar for ammefrekvensen.

DEL

– Debatten handlar ikkje om at mor er ein betre omsorgsperson enn far i barnet sitt første leveår, men at det er mange forskjellige familieforhold som ikkje passar inn i det systemet som reglane legg opp til, fortel jordmor Hildegunn Eiane Aarthun.

For jordmødrene ligg sjølve konflikten og saka si kjerne med den nye tredelinga av permisjonen i amminga. I dag anbefaler helsedirektoratet fullamming til fire-seks månadar, og vidare amming i kombinasjon med fast føde i barnet sitt heile første leveår. Amming har helsefremmande effekt for både mor og barn. Mor har mellom anna redusert risiko for brystkreft dersom ho har hatt lange ammeperiodar i livet. Gjennom den «spesialdesigna» morsmelka får babyen næringsstoff og antistoff som kan beskytta mot sjukdomar. Aarthun fryktar at ammefrekvensen vil gå ned når mor må tidlegare ut i arbeid.

– Mange mødrer kan no bli tvinga til å avslutta amminga grunna lang reiseveg til arbeid, dei reiser mykje i jobben eller har turnusyrke som rett og slett gjer det vanskeleg med ammepausar. For oss jordmødrer som aktivt har jobba for å få opp amminga, kan denne nye permisjonsordninga heilt klart vera eit tilbakesteg.

Jordmorforbundet er kritisk til dei nye reglane, og meiner at det svekker mor sine rettigheiter, fordi det reduserer mor sin sjanse til å ta ut lenger permisjon etter fødsel.

AMMING: Jordmor Hildegunn Eiane Aarthun meiner at ein må ta omsyn til amming og biologiske forskjellar når ein diskuterer den nye permisjonslova. 

AMMING: Jordmor Hildegunn Eiane Aarthun meiner at ein må ta omsyn til amming og biologiske forskjellar når ein diskuterer den nye permisjonslova. 

– Biologien er heilt klart viktig å ta med i debatten, for det er fysisk umogeleg for far å gå gravid og amma. Det er viktig å ivareta både den psykiske og fysiske helsa til mor som har lagt eit svangerskap, fødsel og barseltid bak seg.

Aarthun peikar på at det er store individuelle forskjellar, og at nokon har stor påkjenning på kroppen under eit svangerskap. Nokon gjennomgår ein tøff fødsel og kan gjerna bruka lang til å komma seg fysisk til hektene i barseltida. Mange ammar opptil fleire gonger om natta og har mangel på søvn.

– Vi er forskjellige og nokon klarer heilt fint å begynna i jobb, medan andre opplever at det kan vera utfordrande med tanke på både arbeids- og livssituasjon.

Fleire foreldre har påpeikt at barn går gjennom ei kritisk fase i 7-8 månaders alderen, og at eit skifte i primær omsorgsperson er uheldig i dette tidspunktet.

– Utifrå barnets beste er ikkje det eit argument eg kan stilla meg bak, så lenge barnet blir ivaretatt av ein viktig omsorgsperson. For eit barn vil det vera ein styrke å ha begge foreldra delaktige, og det er ein fordel å ha fleire omsorgspersonar å lena seg på.

Aarthun opplever at fleire har tatt opp tematikken om permisjonsreglane under konsultasjonane etter det store engasjementet i media.

– Det verkar som at det er fleire som innser korleis reglane er først no, og det kjem inn mange foreldre som er opprørte over den nye ordninga. Samstundes er det andre foreldre som meiner at det er bra for likestillinga, og at dei no slepp å ta stilling til det i heimen.


FAKTA OM DEN NYE ORDNINGA

1. Juli 2018 blei det innført ei endring i foreldrepermisjonslova, med ei lovfesta tredeling av permisjonen. Kvar foreldrer sin kvote har no auka frå 10 til 15 veker, og fellesperioden til fri fordeling er redusert frå 26 veker til 16 veker. Målet er at mor skal bli meir likestilt i arbeidslivet og far meir likestilt i heimen. Diskusjonen har rast i sosiale medium den siste tida, og i skrivande stund har over 29.000 foreldre samla seg i Facebook-gruppa «Permisjonen Burde Foreldre Fordele Gruppen» for å protestera mot det dei opplever som eit rigid system som ikkje passar alle familiar. Dei ønsker å få fordela permisjonen fritt slik det passar dei sjølve i heimen. Til motsvar, har det komme ei gruppe «Ja til pappaperm!».

FAKTABOKS:

  • Foreldre har til saman rett på permisjon i 12 månadar.
  • 49 veker ved 100 prosent uttak.
  • 59 veker ved 80 prosent uttak.
  • Før 1. juli 2018: 10 veker sett av til kvar av foreldra, gjeldande ved full eller redusert dekningsgrad.
  • Frå 1 juli 2018: 15 veker sett av til kvar av foreldra, gjeldande ved full eller redusert dekningsgrad.
  • Frå 1. januar 2019: Ved 80 prosent dekningsgrad er kvoten auka til 19 veker til kvar av foreldra. Fellesperioden blei redusert frå 26 til 18 veker.
  • Mødrekvoten og fedrekvoten er på minimum 15 veker ved 100 prosent uttak og 19 veker ved 80 prosent uttak.
  • Fellesperiode til fri fordeling vil variera frå 16-18 veker, avhengig om ein vel 100 eller 80 prosent dekningsgrad.
  • Dei første seks vekene er atterhalde mor og blir trekt frå mødrekvoten.
  • I tillegg til mødrekvoten, får mor permisjon tre veker før termin.
  • Foreldrepengane skal dekka inntekta du vanlegvis har, opptil 581.298 kroner (seks gonger grunnbeløpet).

Kjelde: Nav.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags