Meiner tredelinga er nødvendig: – Menn og kvinner er like uunnverlege i arbeidslivet

LIKESTILLING: Vigdis meiner den nye tredelinga er nødvendig for å sikra likestilling i både heimen og arbeidslivet for begge foreldra. (Foto: Arkivfoto).

LIKESTILLING: Vigdis meiner den nye tredelinga er nødvendig for å sikra likestilling i både heimen og arbeidslivet for begge foreldra. (Foto: Arkivfoto).

Så lenge samfunnet og arbeidslivet ikkje har ei reell likestilling mellom kvinner og menn, meiner Vigdis Gammelsæther (37) buande i Rosendal at det er viktig at staten legg føringar i den retninga ein ønsker at samfunnsutviklinga skal gå.

DEL

Vigdis Gammelsæther synest det er ein interessant debatt om den nye tredelinga av permisjonen i desse dagar. Vigdis meiner at det er viktig for barn å få ein god relasjon til begge foreldra, samtidig som ein sikrar likestilling i tilsettingsprosessar og karriera for både kvinner og menn.

– Ideelt sett hadde det vore fri fordeling av permisjonen, men slik situasjonen er i dag, ser vi dessverre at samfunnet ikkje er klar for det.

Vigdis peikar på at regjeringa gjekk frå 14 til 10 veker permisjon for far i 2014. Dette nettopp for å gi familiar meir valfridom. Ein har i ettertid sett at dei fleste fedrar ikkje tar ut meir permisjon enn det som er øyremerka.

– Det er difor vi no ser ei endring tilbake til det som var før 2014, med ein kvote på éi veke meir enn det ein hadde då. Far er ein viktig omsorgsperson og det er viktig at han får tid med barna sine!

Fremmar likestilling

Vigdis peikar på fem punkt som talar for at tredelinga er eit viktig grep for å fremma likestilling i både arbeidslivet og heimen:

1. Det viktigaste med permisjonen er å sikra at barn får trygge omsorgspersonar og tid med både mor og far i tidleg alder.

2. Far bør ha like stor rett og reell mogelegheit til å vera med barna sine som mor.

3. Mykje forsking og nyleg statistikk visar til at far sjeldan tar ut meir permisjon enn den kvoten staten legg opp til. Når andelen forbeholdt far går ned, går tida han tar ut også ned.

4. Argumentet som ofte nyttast kontra tredelinga er at «far sin jobb gjer at han ikkje kan ta permisjon». Dette illustrerer at arbeidsgivarar – framleis i 2019 – har ei forventning om at kvinner tar det meste av jobben med å passa små barn – om dei er høgt eller lågt utdanna. Dette hemmar likestilling på arbeidsplassen kor ein tenkjer at kvinner er meir unnverelege enn menn. Vi treng arbeidsgivarar som bygger opp under familielivet og kor ein legg som premiss at kvinner er like viktige på arbeidsplassen som menn er.

5. Permisjonsordninga er finansiert av fellesskapet sine midlar. Når staten delar ut midlar må ein gjera det FOR ei ønska samfunnsordning; samla sett er det ei ordning som sikrar barn med god relasjon til begge foreldre og likestilling i tilsettingar og mogelegheiter i karriera.

Samfunnsutvikling

Slik situasjonen er i dag, meiner Vigdis det er forventa frå arbeidsgivarar at mor tar mesteparten av permisjonen og blir heime med barna om dei blir sjuke. Kvifor er far viktigare i arbeidslivet enn mor? undrar Vigdis.

– Det er like problematisk for ei kvinne å gå ut av jobb, konstaterer ho.

Fleire organisasjonar har støtta den nye tredelinga som blei innført i fjor:

– Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) og Landsorganisasjonen i Norge (LO) har gått ut og støtta tredelinga, fordi dei vil sikra at det er likestilte arbeidsplassar for begge kjønn.

At staten legg føringar, synest Vigdis er nødvendig for å sikra at kvinner ikkje tapar lønnsvekst og mogelegheiter i arbeidslivet, og at menn ikkje får mindre tid med barna sine.

– Staten skal bruka av fellesskapet sine pengar på permisjonen, og dei er då nøydde til å forvalta midlane i ei positiv retning som fører til eit samfunn vi ønsker å ha. Dette vil vera med på å endra haldningane blant arbeidsgivarar, slik at det bygger opp under familielivet.

Dersom det er slik at fleire kvinner tek ut ulønna permisjon, meiner Vigdis at dette viser at desse mødrene tek støyten for at fedrane har ein arbeidsgivar som ikkje forstår pliktene og arbeidstakarar sine rettigheiter.

– Slike arbeidsplassar ønskjer ein ikkje å ha i 2019, og ein må jobba aktivt for å endra denne praksisen, slik at alle arbeidsplassar er klar over sitt ansvar og legg til rette for barnefødslar kor begge foreldra er reelle omsorgspersonar.

Rutinar

Vigdis visar til nyare forsking som påpeiker at mange vanar og rutinar blir lagde det første leveåret til eit barn i heimen som vil følga med vidare i livet.

– Det er viktig at ikkje alt arbeidet i heimen fell på mor, og at far blir involvert slik at begge partar bidrar, det vil bidra til likestilling i heimen og arbeidslivet også på lengre sikt.

– Kva med amminga? spør vi.

– Om mor tar sin periode på 15 veker, og fellesperioden på 16 veker, er barnet 7,5 månadar gammalt når mor går ut i arbeid. Det er anbefalt at mor treng åtte månadar for å oppfylla ammeråda, og ein er då innanfor rekkevidda med dagens permisjon. I tillegg har ein rett til ammefri, så eg ser ikkje heilt den problemstillinga.

Eit av argumenta til dei som vil avskaffa tredelinga, er at det ikkje passar med tidspunktet, gjerne grunna sesongarbeid, eller lengda på permisjonen til far. Vigdis peikar på at det er mogeleg å strekka ut permisjonen og ta den gradert i opptil tre år.

– Slik ordninga er i dag, er det fleksibilitet. Og får ein barn, må ein ta seg tid til å vera med barnet sitt.

Om ein ikkje har rett på eller kan ta ut permisjon, viser Vigdis til at det allereie eksisterer ordningar om å få overført kvoten, og ein kan legga inn ein søknad hos NAV.

I Nederland, er eit land ikkje så ulikt vårt, kor mannen til Vigdis kjem frå, har far to veker og mor tre månadar permisjon. Barna begynner i barnehagen heilt frå dei er fire månadar gamle, om ikkje foreldra tar ut ulønna permisjon.

– I Norge er vi heldige. Eg sender ofte eit takk i tankane til alle skattebetalarane i Norge som bidrar til at vi kan vera heime og ta oss av barna våre det første leveåret, avsluttar Vigdis.

FAKTA OM DEN NYE ORDNINGA

1. Juli 2018 blei det innført ei endring i foreldrepermisjonslova, med ei lovfesta tredeling av permisjonen. Kvar foreldrer sin kvote har no auka frå 10 til 15 veker, og fellesperioden til fri fordeling er redusert frå 26 veker til 16 veker. Målet er at mor skal bli meir likestilt i arbeidslivet og far meir likestilt i heimen. Diskusjonen har rast i sosiale medium den siste tida, og i skrivande stund har over 29.000 foreldre samla seg i Facebook-gruppa «Permisjonen Burde Foreldre Fordele Gruppen» for å protestera mot det dei opplever som eit rigid system som ikkje passar alle familiar. Dei ønsker å få fordela permisjonen fritt slik det passar dei sjølve i heimen. Til motsvar, har det komme ei gruppe «Ja til pappaperm!».

FAKTABOKS:

  • Foreldre har til saman rett på permisjon i 12 månadar.
  • 49 veker ved 100 prosent uttak.
  • 59 veker ved 80 prosent uttak.
  • Før 1. juli 2018: 10 veker sett av til kvar av foreldra, gjeldande ved full eller redusert dekningsgrad.
  • Frå 1 juli 2018: 15 veker sett av til kvar av foreldra, gjeldande ved full eller redusert dekningsgrad.
  • Frå 1. januar 2019: Ved 80 prosent dekningsgrad er kvoten auka til 19 veker til kvar av foreldra. Fellesperioden blei redusert frå 26 til 18 veker.
  • Mødrekvoten og fedrekvoten er på minimum 15 veker ved 100 prosent uttak og 19 veker ved 80 prosent uttak.
  • Fellesperiode til fri fordeling vil variera frå 16-18 veker, avhengig om ein vel 100 eller 80 prosent dekningsgrad.
  • Dei første seks vekene er atterhalde mor og blir trekt frå mødrekvoten.
  • I tillegg til mødrekvoten, får mor permisjon tre veker før termin.
  • Foreldrepengane skal dekka inntekta du vanlegvis har, opptil 581.298 kroner (seks gonger grunnbeløpet).

Kjelde: Nav.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags