– Vi klarar ikkje løysa problemet utan engasjement frå lokalbefolkninga

MYKJE PLAST: Nikolai Waack og Skage Andreas Caspersen Nerland var to av elevane ved Sunnhordland folkehøgskule som var med og rydda plast i Leirdalen på Halsnøy.

MYKJE PLAST: Nikolai Waack og Skage Andreas Caspersen Nerland var to av elevane ved Sunnhordland folkehøgskule som var med og rydda plast i Leirdalen på Halsnøy.

Artikkelen er over 1 år gammel

30. april til 6. mai er den store strandryddeveka i Norge. Også Kvinnherad tar eit tak, der alle og ein kvar kan bidra.

DEL

Etter at kvalen med 30 plastposar i magen vart skylt i land på Sotra i fjor, har strandrydding fått mykje blest. Over heile landet går folk saman og ryddar strendene. Også i Kvinnherad er det fleire stader ein kan ta i eit tak, for å fjerna avfall. Anten på offentlege strender, eller i di eiga. I veka frå 30. april til 6. mai er det nasjonal strandryddeveke, og folk i Kvinnherad er allereie godt i gang med førebuingane.

– Å rydda langs strendene er viktig av fleire grunnar. Det er nok eit større problem enn det fleire av oss har som oppfatning. Det har med livskvalitet til både dyr og menneske og gjera, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Kvinnherad kommune har sjølv bidrege med 10.000 kroner til Natur Vest, og har mobilisert skulane i kommunen til å vera med på strandrydding.

– Vi er positive til denne typen innsats, og vil bidra med det vi kan av praktiske ting. Men vi klarar ikkje løysa plastproblemet utan eit engasjement frå lokalbefolkninga. Vi er avhengige av at folk stiller opp.

Slettebø viser blant anna til plastryddinga som fann stad på Halsnøy i fjor, der fleire av øybuane var ute og plukka langs strendene i to veker.

– Eg oppfattar at det allereie er mindre plast langs strendene der, enn det var før ryddinga i fjor. Det viser at slike aksjonar fungerer, seier Slettebø.

– Skremmande å sjå

På Halsnøy er dei i gang igjen med planlegginga av årets ryddeaksjon. Ingvar Hølland og Halsnøy IL var med og arrangerte fjorårets bosplukking. I år gjentar øya suksessen.

– Eg syntest det såg veldig grapse ut rundt om på øya. Og då eg fekk så god respons i fjor, er eit slikt arrangement verdas enklaste ting å få til, seier Hølland, som presiserer at sjølv om han opprettar arrangementet, er dette noko øyabuane får til i lag.

Strandryddinga på Halsnøy vil gå føre seg i 14 dagar, der sluttdatoen er 11. mai. Då vil Alsaker Fjordbruk, i år som i fjor, køyra rundt med båt og plukka opp sekkane som står rundt på strendene.

– Eg var med på båten i fjor, og det var fasinerande å sjå kor godt folk jobba, men skremmande å sjå kor mykje boss som låg rundt på strendene, seier Hølland.

Blant andre skal Halsnøy skule bidra med bossplukking, og Sunnhordland folkehøgskule har allereie vore ute og fjerna avfall i Leirdalen på Halsnøy. Lærar ved folkehøgskulen, Eli Hårklau, fortel at dei kunne halde fram i fleire dagar med ryddinga.

– Vi fekk nok samla rundt tjue sekkar, men det er utruleg mykje plast rundt langs strendene, seier Hårklau.

Få betalt for rydding

Men sjølv om ein er ferdig med skulegangen, kan ein vera med på moroa. Janne Hillersøy, plan- og kommunikasjonsansvarleg ved SIM, fortel at alle som ønskjer kan melda seg på strandrydding på SIM si heimeside.

– Om ein melder seg på der, kan ein få utlevert gratis sekkar, og levera bosset gratis, seier Hillersøy.

Og om det er eit lag eller ein organisasjon som ryddar, får dei fleire gode enn gratis sekkar.

– Alle lag eller organisasjonar kan få pengar for kvar sekk dei leverer inn på miljøsentralen. Det er rikeleg med boss å ta av! oppmodar Hillersøy.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags