Set av åtte millionar til meir teknologi

DEL


I løpet av perioden 2019–2023 set kommunen av til saman åtte millionar kroner til innføring av meir velferdsteknologi for å sikra forsvarlege tenester til dei som bur og oppheld seg i kommunen.

«Endra oppgåvefordeling mellom stat og kommune har gitt kommunane auka ansvar og oppgåver, og medfører at fleire treng behandling, omsorg og rehabilitering på kommunalt nivå», heiter det i utgreiinga i saka kommunestyret fekk på bordet onsdag.

I tillegg vil eldrebølgja føra til auka behov for helse- og omsorgstenester.

Eit samrøystes kommunestyre vedtok denne innstillinga frå Kommunedirektøren: 1. Sektor omsorg, helse og sosial får tilført 4,5 millionar kroner frå ubrukte investeringsmidlar i 2018 som vert overførte til 2019. 2. Formannskapet vil i økonomiplanen for 2020–2023 foreslå å leggje inn resterande beløp – omlag 3,5 millionar kroner.

LES OGSÅ: Vedtok å oppretta ny stilling

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags