Poengdeling for damene

Artikkelen er over 8 år gammel

www.kvinnheringen.no: Rosendal tok med seg heim eitt poeng etter borteoppgjeret mot NBK/Eikanger/Kvernbit på sundag. Dermed ligg laget eitt poeng bak Os i kampen om å unngå nedrykk.

DEL

– Eg er godt nøgd med det jentene presterte i dag. Vi fører opningsomgangen, NBK/Eikanger/Kvernbit er best dei siste 45 minutta. Slik sett er uavgjort eit rettferdig resultat, seier Rosendal-trenar, Tor Gundersen.

Ingunn Uglehus sendte gjestene i føringa 20 minutt ut i opningsomgangen. Heimelaget reduserer eit kvarter før slutt.

Os møter tabelleiar Hordabø seinare i dag.

Artikkeltags