Døydde etter bilulukka

Den 19 år gamle bilføraren som involvert i ulukka søndag morgon, døydde av skadane i morgontimane måndag.

DEL

Les også: 19-åring kritisk skadd etter bilulukke på Halsnøy

Det bekrefta politiet til Kvinnheringen rundt klokka 12 måndag.

Det var ingen vitne til bilulukka som skjedde søndag morgon rundt klokka 05.30, då 19-åringen køyrte inn i eit tre på Halsnøy. Det var etter det politiet kjenner til ingen vitne til sjølve ulukka, men folk som bur i nærleiken høyrte smellen og kom kjapt til staden og fekk varsla naudetatane. Føraren blei sendt til Haukeland Universitetssjukehus med luftambulanse.

Statens Vegvesen si ulukkesgruppe var på staden søndag og gjorde undersøkingar, og politiet skal også etterforska vidare for å finna ut kva som var årsaka til ulukka. Truleg vil det gå tid før politiet kan gå ut med meir opplysningar om kva som kan ha skjedd. Politiet vil gjerne koma i kontakt med personar som har informasjon om ulukka.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags