Politiet: – Den omkomne identifisert som den sakna mannen i 60-åra

Artikkelen er over 2 år gammel

Ingenting tyder på noko kriminelt, opplyser Vest politidistrikt på Twitter laurdag.

DEL

Laurdag ettermiddag meldte Vest politidistrikt at dei hadde mottatt ei bekymringsmelding på ein mann i 60-åra som ein ikkje hadde kome i kontakt med dei siste dagane.

Like etterpå kom det inn ny melding om funn av ein omkomen person i sjøen ved Sæbø på Borgundøy. Mannen blei funnen ikkje langt frå bustaden til den sakna personen.

Oppdatering 18.30:

I twittermeldinga politiet gjekk ut med tidlegare i ettermiddag, vart det først opplyst at mannen vart funnen i sjøen ved Sæbø på Halsnøy. Seinare fekk Kvinnheringen innspel frå ein lesar om at det var tale om Sæbø utanfor Borgundøy. I 18-tida snakka Kvinnheringen med Terje Magnussen ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral, og han stadfesta då at funnstaden var utanfor Borgundøy, og at geografien i den første twittermeldinga frå politiet var feil.

– Mannen vart funnen ved Sæbøholmane utanfor Borgundøy, opplyser Magnussen.

Like før klokka 21 laurdag kveld opplyser Vest politidistrikt at den omkomne personen er identifisert som den sakna mannen i 60-åra. Pårørande er varsla.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags