Ungdom frakta med luftambulanse etter ulukke ved Opsangervatnet

Luftambulanse har frakta ein 17 år gammal gut til Haukeland universitetssjukehus etter ei ulukke i Opsangervatnet laurdag ettermiddag. Foto: Håvard Røyrvik.

Luftambulanse har frakta ein 17 år gammal gut til Haukeland universitetssjukehus etter ei ulukke i Opsangervatnet laurdag ettermiddag. Foto: Håvard Røyrvik.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Alle naudetatar rykte laurdag ut til ei badeulukke ved Opsangervatnet nedanfor Undarheim skule.

Ein gut på 17 år er kritisk skadd og sendt med luftambulanse, fortel operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt, Frode Kolltveit:

– Vedkommande var bevisstlaus, men pusta delvis på eiga hand. Det skal ha vore fleire venner med som no får oppfølging av kriseteamet ved Husnes Helsesenter, seier Kolltveit.

Guten blei henta opp av vatnet av vennene, og det blei sett i gang lunge- og hjarteredning på staden. Det er uvisst kor lenge vedkommande låg i vatnet eller kva som skjedde i forkant av ulukka. Pårørande er varsla.

Det skal ha vore fleire venner med då ulukka skjedde. Dei får oppfølging av kriseteam ved Husnes Helsesenter. Foto: Håvard Røyrvik.

Det skal ha vore fleire venner med då ulukka skjedde. Dei får oppfølging av kriseteam ved Husnes Helsesenter. Foto: Håvard Røyrvik.


Politiet fekk melding om ulukka like etter 16.30 laurdag. Ca. éin time seinare letta helikopteret. Foto: Vidar Håland.

Politiet fekk melding om ulukka like etter 16.30 laurdag. Ca. éin time seinare letta helikopteret. Foto: Vidar Håland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags