Rykte ut etter å ha fått naudtelefon

DEL


Politiet rykte fredag kveld i halv elleve-tida ut etter å ha motteke ein naudtelefon.

Innringaren la på utan å seia eit ord, og politiet tok ingen sjanse.

– Det viste seg at vedkomande hadde ringt inn uforvarande. Dersom ein er uheldig å ringa naudnummeret, ikkje legg på. Då er det greitt å informera politiet om det, slik at det ikkje medfører utrykking, opplyser Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags